søndag 28. desember 2014

Julekjensla



kjensla av å stå i ro
på bar mark,
snøen lavar, mørket pressar
kulda gjennom kleda

let oss falle
inn i noko vi ikkje kjenner,
noko vi fryktar, noko som frys
siste rest av håp til is

og så, då
i det auga gir etter
og hjartet krasjar inn
i verda

kjem eit lysglimt
frå ein annan røyndom,
verkelegare enn alt
vi kjenner frå før

som brennande metall
mot lenker og åk,
smeltar vekk frykta,
let håpet ut frå sitt fengsel

og så, då
den nye songen
fridomssongen
stig – frå løyste strupar!




(Søndagstema i svart/kvitt og farge)

2 kommentarer:

  1. Kjempe fine bilder, og jeg kan kjenne julefølelsen.

    Vivis fotoblogg

    SvarSlett
  2. Nydeleg, både ord og bilde !
    Ynskjer deg og dine gode romjulsdagar !

    SvarSlett