onsdag 17. desember 2014

I det stille rommet





eg sat i det stille rommet
då du banka på

eg hadde inga aning
om kven det kunne vere –

hjarta banka
- eg såg kven du var

og at du kom hit til meg
som ein kvardagsleg gjest

utan forvarsel, utan brev
eller invitasjon

og eg opnar opp,
det var akkurat dette besøket

eg trengte

3 kommentarer: