tirsdag 9. desember 2014

Høgare kjærleik





det var ikkje min plan
det var ikkje din –
det vart tenkt ut
i løyndom;

langt større
er gåva
enn vi
kunne ana

langt djupare
nåden
langt høgare
kjærleik

enn våre tankar,
vårt hjarta og sinn
kunne tenke seg til
og forstå

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar