søndag 21. desember 2014

Frå ein annan dimensjon





eg ser eit gyllent skjær
i gatene, som skimmer
av gull mellom steinar
og eit stille lys
mellom vissent lauv
og sand og støv

der er eit gyllent skjær
eit drag av noko vakkert
og nytt, noko annleis
enn våre fotspor –
våre spor gjennom tida,
hundreår i blodig hovmod

vi går i gylne gater,
lyssett av noko anna
enn våre halvhjarta forsøk
på glitter og stas
- alt bleiknar,
sett i dette lyset
frå ein annan dimensjon

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar