søndag 7. desember 2014

Fenomen





tenk om du låg vaken
den første julenatta,
du telte dine sauer
og sukka tungt, frustrert

tenk om du tok beina fatt
og gjekk til vindauget,
såg på stjernenatta
som var endelaus og blå

tenk om du i det sekund
fekk sjå eit fenomen,
eit lysglimt – følgt av fleire
fylte byen din med song

og tenk då, om du høyrde
dei orda som vart sagt
og tenk om du, i hjarta
visste at det alt var sant

tenk på denne undring
ei glede følgt av håp,
for alt du veit og alt du har
har fått ein annan glans

1 kommentar:

  1. For en fin adventskalender du har på gang, Englepappa.

    SvarSlett