fredag 19. desember 2014

Elvekryssaren





eg er ein elvekryssar –

heile livet
har eg stått
her, ved breidda
av denne elva

sendt lange blikk
mot andre breidda,
lengta etter å finne
ein veg – over
til der du er –

eg har bygd
og strekt meg,
symd
og lagt meg
i lange selar
til kroppen verka
og såre hælar
sa nok

for i dag

og eg lengta og såg,
leita og gråt
etter noko å bruke
som kunne bringe
meg over

og så kom du –

ut av tåka
ein stille morgon
høyrde eg båten
som skura
mot stranda

og ei stemme
som sa:
stig om bord –
eg vil bringe deg
over

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar