torsdag 11. desember 2014

By i historia





du var ein stille by
i utkanten av verda,
du, så liten og
vanleg –
ingen venta
noko stort
frå deg

så steig sola
over ein ny dag,
den store streken
i historiebøkene
var trekt
tvers gjennom
dine støvete gater

1 kommentar: