onsdag 12. november 2014

Fragment


bitar
av levd liv

prega 
med sveitte og blod

bakteppet,
ein grunn vi kan trø

fundament
under vaklande føter


vi ser fragmenta
utstilt i sikre montrar

ei ukjent verd
strekk seg frå ytste universet

og stoppar
ein liten centimeter
utanfor rekkevidde



her inne
bur altså menneska,
desse gåtene
vandrande rundt
som eigne bøker

og eg skjemst
av mitt eige blikk
som sorterer
og katalogiserer
etter omslaga

endå så mykje
eg prøver la vere -

og dei fleste gåtene
vert uløyste,
ståande som nedstøva bind
i hyllene

lever sine eigne liv
utanfor mine auge



vi har bygd husa
og planta trea,
stolte bak spaden og hammaren,
glade bak våre eigne vindauge

under tak
som altfor ofte stenger utsikta
mot alt over

over golv
som let oss gløyme
opphav og ende

ei stund



(Black and white wednesday, Wednesday around the world)

4 kommentarer:

  1. Tøff himmel i bildene dine, utmerket tekst som følge!
    Ha en strålende b&w onsdag!
    Her er mitt bidrag: http://hanshb.wordpress.com/

    SvarSlett
  2. Great sky capture series in BW!

    Happy Week,
    artmusedog and carol
    A Creative Harbor

    SvarSlett