onsdag 19. november 2014

Den ukjente




vandrande langs vegane
i livet, eit levande og livssterkt
tenkande vesen og truleg trufast
i alt ditt eige,
går du mot målet
ved enden
ein ettermiddag ved vatnet
og eg undrar –
kven er du
kor skal du
kvar har du vore, før
vegane vart kryssa
tilfeldig, trass
vindar som trugar
og tida som tikkar
mot kveld, mot natt, mot mørke
og du går oppreist, stødig
som var du upåverka, ei festning
mellom verda
og det eg tenkjer må vere
eit erfarent hjarte, fullt av håp
og draumar
for dagar eg ikkje kjenner, aldri
vert ein del av
aldri får vite forma,
konsistensen, substansen
av, for eg går mine vegar
du går dine, vi er ukjente
tilfeldig møtande
langs vegane i livet,
far vel –


3 kommentarer: