lørdag 8. november 2014

Aleine



1
du er den
trufaste benkeslitaren
aleine
på verdas største stadion

heiar inn
dei sigrande,
smilande
trygge
i glade fellesskap

er ei trøyst
for einsame
skjelvande
kalde
med vinterkalde ørken-
hovud

ynskjer å stige inn
gjere noko
med alt det som knuser
ditt hjarte

og grip fatt
i lyspunkta
med heftig iver




2
lengt
du bankande hjarte
etter ly
under større venger

lengt
mi einsame sjel
etter håp
under blygråe skyer

lengt
de vernande fjør
etter ro
når dagslyset bleiknar

lengt
du skjelvande hjarte
etter nåde
for alt som gjekk galt –





3
sjølv dei sosiale
som alltid har nokon
å støtte
eller gripe fatt i
når motbakkane krev sitt

kan bli verkeleg
melankolske
i dei korte dagane
før vinteren set inn




12 kommentarer:

  1. Du er ein meister med ord !
    Flott triss .

    God helg.

    SvarSlett
  2. Fantastiskt fina bilder som passar perfekt till veckans tema!

    SvarSlett
  3. Always AMAZING pictures from you.
    The lonely bird speaks of solitude.
    Dina poem är sååå vackra!

    Ruth i Virginia

    SvarSlett
  4. Fina bilder med underbara texter till! Tack för den en sån här gråtung lördag eftermiddag! :)

    SvarSlett
  5. Fina bilder och kommentarer -- som vanligt...

    SvarSlett
  6. Fin stämning och samspel mellan bild och text. Tänkte också ligga in månen ett tag men det fick bli solen.
    Rena fina bilder.

    SvarSlett
  7. Första bilden är helt magisk!!!!

    SvarSlett
  8. Fina bilder. Bilden på månen är superfin!

    SvarSlett
  9. Fina bilder och fin text.
    AX

    SvarSlett
  10. Vilka fina solitärer, i stort och smått, du trissar med!

    SvarSlett