torsdag 9. oktober 2014

Open himmel



gje meg stilla
ein kveld
under open himmel

ikkje lydlaust, ikkje taust
men ope, nake
som den fyrste lyden på jorda

som ei dirring i molda
ei stemme du kjenner
som skulle den vere di eiga

gje meg stilla
ei einaste, stjerneklår natt
og eg skal kviskre deg orda –

dei fyrste, dei siste
tre søyler som strekk seg
parallelt i mot æva

i stilla, tre ord
om trua, og håpet
og kjærleik som overvinn døden

gje meg stilla
eit liv
under open himmel –

2 kommentarer:

  1. I love the simplicity of the image!!! It is the sort of image one can spend a lot of time with!

    SvarSlett