søndag 26. oktober 2014

Noko litt anna...

Det er litt overraskande å bli nominert til ein sisterhood award, men kva verda... i dei fleste andre saker enn det som har med seksualitet å gjere, er ikkje kjønn så viktig. I alle fall ikkje når det gjeld skriving! Så eg tek det som ein komplement og takkar Birgitta Rudenius for nominasjonen, og svarar på dei ti spørsmåla eg fekk.




1.       Kva skriv du på nett no? Eg skriv som regel dikt kvar dag, men eg held ikkje på med noko større prosjekt. Utanom dette er det mykje skriving i jobben som lærar, i tillegg til at eg skriv litt for lokalavisa og har tre bloggar utanom denne…
2.       Kva skriv du helst, roman eller novelle? Absolutt novelle. Eg har ikkje struktur og tolmod nok til å skrive noko lenger. Men skulle eg få eit tredje val, om dikt, så vel eg nok det.
3.       Favorittforfattar? Eg plar lese mykje, og er glad i ei heil rekke forfattarar. Skal eg likevel trekke fram nokon, må det bli innan favorittsjangrane mine: 1) Historiske romanar: Conn Iggulden, Ildefonso Falcones og Bernhard Cornwell. Eg vil også nemne Adam Hochschild, som skriv svært gripande dokumentariske bøker. 2) Fantasy-bøker: Ally Condie, Veronica Roth og Asbjørn Rydland.
4.       Kven skal spele hovudrolla om boka/novella di blir film? Tom Hanks
5.       Når skriv du helst? Kor tid som helst – når inspirasjonen er der, og eg har tid!
6.       Kva for ei bok ligg på nattbordet nett no? “Kraften av én” av Bryce Courtenay. Ei gripande barndomsskildring frå Sør-Afrika! I tillegg ligg Bibelen der, som fast lesestoff.
7.       Kva får deg til å leggje frå deg ei bok? Humor som ikkje treff meg, keisame/uinteressante handlingar, dårleg språk og vulgært/pervertert innhald. Det er så mange gode bøker i verda, at eg orkar ikkje bruke tid på dei som ikkje er det.
8.       Kva syns du om miljøskildringar i bøker? Viss skildringane er innvevd i handlinga, og gir akkurat nok informasjon til å lage eit bakgrunnsteppe for handlinga, set eg stor pris på miljøskildringar. Eg likar ikkje når dei vert så detaljerte at dei spelar ut fantasien.
9.       Skal du vere med i NaNoWriMo? Nei, eg skal nok ikkje det.
10.   Beste rådet til nokon som vil begynne å skrive? Skriv tekstar du er glad i sjølv, og tekstar som kjem frå hjartet!  (Og håp at også nokon andre vil like det du skriv…)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar