fredag 10. oktober 2014

Gjennom heile bildet



stille glir vi inn
i bildet, frå høgre
som opne, spinkle
lærlingar i livet

tek fatt på arbeidet
lagt framfor oss
og spinn våre nett
rullar ut våre vegar

glir innover i bildet
til vatnet omgir oss
og vi kjenner oss heime,
føler vi forstår

både plassen og utsikten,
til føtene trår med seigare steg
og alt vi ser
er uklart og oppbrukt

så glir vi ut
av bildet, til venstre
som lukka, trøytte
skal av liv

berre bølgjene ligg att,
krusingar, ei helsing
til dei som kjem etter
og stirrar på bildet når vi forsvinn

1 kommentar: