mandag 1. september 2014

Pusle seg veg




eg puslar saman bitane
av mitt eige liv,
dei mørke skuggane
dei lyse flatene
og alt som flyt saman
i kaskadar av lys og farge

eg puslar meg veg
gjennom min eigen dag,
set brikkene ned
der eg trur dei vil passe
- og på merkeleg vis
smeltar dei saman,
endå fargane ikkje alltid er like





for eg puslar vegen
eg må gå,
du legg dine brikker
ved dine eigne føter –
kanskje vi møtes,
kanskje er det same brettet
vi byggjer

eller kanskje ikkje,
det er mykje som er uvisst
når ein puslar seg veg
gjennom livet



 



(Our world tuesday)

8 kommentarer:

  1. Beautiful! Wonderful photography of nature's beauty!

    artmusedog and carol (A Creative Harbor)

    SvarSlett
  2. Hm.. tankevekkande rekke dette.

    Puslespelet må ha alle brikkene for at bildet skal bli heilt.

    Fin ny veke :-D

    SvarSlett
  3. So beautiful! Love these colors!

    SvarSlett
  4. How beautiful! Wonderful captures!
    Please share at http://image-in-ing.blogspot.com/2014/09/shell-game-linky.html

    SvarSlett
  5. Pusle gjør vi alle, men du pusler nydelig. Skjønne bilder, Englepappa

    SvarSlett
  6. Sånn er det. Akkurat sånn.
    Du er flink med orda du Englepappa. Sammen med bildene dine blir det bare flott. Takk.

    SvarSlett