torsdag 18. september 2014

Midt i virvaret



Dette er nok ikkje mi verd -

Eg kan ikkje vedkjenne meg
alle gjerder, alle stengsel
sett opp for å avgrense
stele fridomen frå andre
og samtidig miste sin eigen 

Eg kan ikkje vedkjenne meg
kulene, alt metallet
vi kastar etter kvarandre
som omvendte kjærleikskyss,
alt metallet vi let krysse hud
som om hud er laga
for kuler -

Eg kan ikkje vedkjenne meg
hatet, kalde ord og kalde blikk,
redslene vi pøsar ut
over kvarandre
som fontener med glitrande fargar
- berre at det er grått
og trist
og utan kjærleik -

Det er så rart, likevel,
korleis alt dette 
eg forkastar
er blanda med alt eg ynskjer,
kor rart det er
at bak kulene står det levande,
bankande hjarte,
menneske som elskar - nokon

At bak dei vonde orda
kan det ligge gode ord på lur
om dei berre vert lokka fram

At bak alle gjerder
kan ein finne menneske
som heller ikkje vil vedkjenne seg dette
dei vert pålagt å gjere

av kven?
av andre, av menneske
som kanskje meiner det godt
trass alle feilslåtte forsøk -

Inn i dette virvaret
er eg sett,
blant alt eg ikkje vil vedkjenne meg
og alt det andre
som uavlateleg ropar etter forløysing,
etter kjærlege hjarte 
som vil dele

Kanskje er det mi verd, likevel -


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar