tirsdag 2. september 2014

Havet og båten



eg er havet
det store, tause
underfundige havet, stille
ventande under høge himlar
svarte skogar, tusen tankar
skjuler djup på djup,
usynlege straumar
fraktar skattar
til framande strender

eg er båten, den vesle
usikre luftbobla, flytande
på det mystiske havet,
gjennom stormar og straumar,
over spegelblanke flater,
eg er ein vågal optimist
i stille redsle
for mine nattsvarte djup



6 kommentarer:

  1. love the photo! looks very dramatic but I wish I could understand the wording underneath...

    SvarSlett
  2. Flott bidrag, skarpe kontraster!

    SvarSlett
  3. Her finner du mitt b&w bidrag: http://hanshb.wordpress.com/

    SvarSlett
  4. Love the 'juxtaposition' of the little boat and large landscape for bww!

    artmusedog and carol (A Creative Harbor)

    SvarSlett
  5. The boat gives a sense of the vastness of the landscape - wonderful shot!

    SvarSlett