tirsdag 30. september 2014

Der hjartet bur



det er eit stille rom
der hjartet bur,
eit rom med luft
og plass til frie svev
over dei store djupa




for noko kviler
mellom veggane,
noko leiar vidare
lenger inn
for kvar dag
- eg kjenner meg sjølv;
eg veit der er noko
eg aldri vil vite





det er eit einsamt rom
der hjartet bur,
eit rom bygd for
frie val
- dei eg må gjere
i meg sjølv,
konturane
av ein skuggefull hage
i sjela



7 kommentarer:

  1. For nokre fantastiske bilde. Idyllisk liten holme, eller det er vel øy når der er så mykje hus..?

    SvarSlett
  2. Wunderschöne Bilder.

    LG Mathilda

    SvarSlett
  3. These are lovely! Love the birds flying against the water's surface.

    SvarSlett
  4. Most beautiful landscape, perhaps a bit lonely!
    Sarah

    SvarSlett
  5. Wonderful shots...idyllic setting♪ http://lauriekazmierczak.com/tall-silos/

    SvarSlett