søndag 14. september 2014

Den eg er



den eg var
den gongen eg var leire
og nokon dreidde og vende
til dei var nøgde –
(eller i det minste måtte innsjå
at det ikkje var meir å gjere)

den eg var då,
den meir uskuldige sida
får eg vel seie,
er ikkje lenger den same




eg innser at ting er endra,
alle premissane eg vart gitt
er vende –
dei er ikkje borte, berre annleis
og verda har ei noko anna form
enn den eg såg for meg
heime på guterommet

likevel, eg er på eit vis den same
og klorar meg fast,
lik mose på berga,
til eit liv eg har lært å bli glad i





i morgon går eg vidare
endrar form, nok ein gong
og det kjem nokon etter,
nokon eg prøver å forme
etter beste evne
til å passe som eigne delar i spelet,
gje dei ein grunn dei kan stå på

og veit, på mitt djupaste plan
at også dei vil endre seg –
i morgon er vi alle nye,
på godt og vondt,
og må venne oss til noko nytt
nok ein gong



17 kommentarer:

  1. Härlig triss. Bild nummer två och tre är mina favoriter. :)

    SvarSlett
  2. Ja, livet er i stadig endring og vi lever i prosess. Noen ganger vet vi målet andre ganger flyter vi avgårde, stående eller nede for telling. Men vi er i stadig utvikling, vi endres og vi formes. På godt og på vondt. Livet er underfundig.... Og vi lever. Takk for kloke ord på morgenkvisten, samt nydelig bildeserie som viser en bit av din reise. Hvem er vi dag ?

    SvarSlett
  3. Fina bilder OCH tillhörande "tankar". Gillar!!

    SvarSlett
  4. Hei
    Kjempe fine bilder av deg. Ønsker deg en fin søndag.

    Vivi

    SvarSlett
  5. Fin triss, som vanligt fina bilder och tänkvärda ord. Älskar sista bilden!

    SvarSlett
  6. Så fina bilder. Och visst är det väl så, att helheten blir allt mer komplex. I takt med att nya "delar" fogas till.

    SvarSlett
  7. Fin triss! Faller pladask för sista bilden, så fin!

    SvarSlett
  8. Godt skrive !
    Litt rart at me er i stadig endring,
    Ingen veit kva påverknad som påverkar oss i morgen.
    Takk for koseleg kommentar hos meg,
    God søndagskveld :)

    SvarSlett
  9. Din sista bild är fin! Och texten med, om jag lyckats tolka norskan rätt! :)

    SvarSlett
  10. fine billeder, alle tre, synes jeg. og fine ord!:)
    tak.
    fra laila

    SvarSlett
  11. Fina bilder och text. Vi förändras ständigt och är ständigt densamma...

    SvarSlett