lørdag 16. august 2014

Kapsle inn



smerta stakk meg
som ville knivar
gjennom – frå den verda
eg trudde eg kjente

plutseleg falt alt i grus,
eg mista fokus, mista retning
mista syn for alt anna
enn det som såra

og retta fokus innover
i mitt eige mørke,
falt gjennom ei natt
eg trudde aldri ville ende –

men smerta minka,
kledd i silke, lin,
dempa og gøymt
kapsla inn, i mitt indre

år går, eg kapslar vidare,
vernar om mi smerte
som no er som eit stumt rop
i bakgrunnen av alle mine handlingar

kapsla inn, som ei perle,
gøymt djupt i hjartet
- minner meg på det knuselege
i det å vere til, alt som kan breste

renne ut som sand mellom fingrane,
i ei verd med nye fargar, nye kart
og du er der, som ei stille smerte,
ei glede, ei sorg, noko eg aldri kan miste –



#2 år

I dag er det to år sidan eg starta å skrive på denne bloggen. Ting har endra seg sidan den gongen. Det som begynte som ein "klagemur", har blitt til noko meir. Det er ikkje lenger sorga som dominerer, det er ikkje lenger smerte og klage som er hovudmotivet for det eg skriv. Likevel, saknet er der. Det gjer ikkje vondt lenger, smerta er kapsla inn og skjult, men eg undrar meg endå, av og til: Kva om... tenk om... korleis hadde alt vore... Utan at eg dvelar noko vidare ved det. Ting er som dei er, ein kan ikkje kontrollere alt her i livet og det nyttar ikkje å henge seg opp i "tenk om". Alt vi møter set likevel sine spor, og dette er eit djupt spor i mitt landskap...

1 kommentar:

  1. kære englepappa. jeg har svært ved at finde ord: men jeg sender dig mit allervarmeste klem til dig og din familie.
    tak - så inderligt! - for at du deler. jeg føler meget med dig og din families lille, dyrebare pige i hjerterne. livet er dyrebart. og du beskriver det, så vi kan se det.
    fra laila.

    SvarSlett