lørdag 23. august 2014

I fall



i fall du skulle sjå
let eg auga kvile
på fjerne punkt, undrande
og uskuldig

som om eg kan styre
blikket ditt,
utan å eige, utan å vite
sikkert

om strålen bøyer av
eller fyller mitt lineære landskap
i fall
mot noko ukjent –

eg kan drøyme vidare
eller opne auga
og la dei vandre over den varme sanden
der du sat


9 kommentarer: