onsdag 27. august 2014

Forandring



kor annleis alt vart
tenkjer konstruktøren
bøygd over sine teikningar,
tankefull
i møte med resultatet
av dei gode intensjonane, planane
som var så perfekte

kor annleis alt vart
då siste hand var lagt;
utsikta kunne nytast
gleda kunne delast –

og han såg kor saumen rakna,
kor søylene vakla
kor grunnmuren smuldra opp
under føtene

bøygd over teikningane
med tunge sukk, trøytte blikk
og eit fast hjarte;
her må det gjerast
noko
som kan rette opp alt
ein gong for alle –



3 kommentarer: