lørdag 9. august 2014

For mange døde born



det er striper på skjermen
eg skrudde av
klarte ikkje meir
orka ikkje meir

hjarta vart for fullt
hovudet for tomt

av gråtande barn
i Syria
der kulda drep
kuler drep
våre likegyldige, uvitande hender
drep

av døde born
i Gaza
der rakettane fyk
og bombene landar
og borna alltid er dei uheldige
i midten

av jaga, såra born
i Irak
skot i natta
skot om dagen
umenneskelege krav
og sorgtunge auge

av sjuke born
gråtande born
einsame barn
forlatne, svikta
dømte born
i alle hjørne
av ei skadeskoten verd

det er born
for mange døde
born

born…
mitt hjarte renn over
og maktesløysa
kryp som eit kviskrande
ukjent reptil
bak ryggen min,
kveiler seg rundt livet
og klemmer ut den vesle gnisten
som seier “kjemp”

så eg skrur av,
let hendene falle

ser over bordet
på mine eigne, leikande born
og ber ei tredelt bøn

måtte de sleppe alt dette
og må det finnast lindring
for alle opne og skjulte
sår
og vern for alle
der ute
for verdas born
som vi behandlar
så dårleg –


#born i krig

 Ein blir ganske avstumpa av alle reportasjane frå krigherja land. Det er vanskeleg å ta inn over seg alt det fæle, og endå verre å vite kva ein kan gjere med det. Her ein dag las eg ein artikkel frå Irak. Om ein familie som måtte rømme frå ISIL. Dottera på 4 datt ut av bilen, men faren kunne ikkje anna enn å køyre vidare. Då tok kvalmen meg, og eg måtte ut av alle nettaviser og ut og trekke frisk luft. Ei slik vond verd, så mykje liding, så mange born som dør på grunn av alle oss voksne sine meir eller mindre lure idear. Det er fristande å berre stenge av alle kanalar og late som heile verda er som den fredelege pletten her eg bur.

Men verda blir ikkje nokon betre plass av den grunn.
 

3 kommentarer:

  1. kære mørkerommet. forstår din afmagt. føler den selv.
    tusinde tak for digtet. at du sætter ord på, er en STOR hjælp. at du tør gå ind i det mørke. at du bryr dig!

    det hjælper ikke børnene her og nu - det er for sent og så forfærdeligt - men der burde være en ghandi et sted.
    læste en tjekkisk filosof, som udtalte sig om krig og konflikt; at vi mennesker på jorden gør det samme, som vi altid har gjort. indgår i de grupperinger, for og imod, som vi altid har gjort. måske fordi smerten er den samme, som den altid har været?

    tænk, om vi kunne lave én stor fredsbevægelse her på jorden. det kunne være smukt! og er fuldstændig nødvendigt.

    tænk, hvis fredsforskningsakademier kunne blive lige så store som militærakademier!
    at de ikke er det, siger meget om verden. men den har brug for det. nu.

    varme klem og tanker, laila

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg er så enig. Militærbudsjetta skulle vore så små at ingen la merke til dei i det heile. Men eg redd det ikkje vil skje. All den tid ondskapen ikkje er eit enkeltståande og lausrive objekt, som vi kan luke vekk viss vi får auge på det, men ein del av den menneskelege naturen, vil menneska fortsette å gjere både godt og vondt. Leonard Cohen syng "Ain't no cure for love". Eg er redd der "Ain't no cure for war" heller...

      Slett
  2. ja, du har ret, ondskaben er ikke et enkeltstående og løsrevet objekt. jeg var mig det ikke bevidst, da jeg skrev - længtes efter solen. for børnene.
    men det er nok sådan, at det altid bliver vinter igen, i menneskehjerter og i naturen.
    heldigvis er kærligheden stærk. må vi tro på. selvom det virker så mørkt på jorden nu.
    tak fordi du mindede om leonard cohens sang - den er fantastisk.

    varme tanker fra laila

    SvarSlett