torsdag 28. august 2014

Flekkar på eplet




vi er lurt inn i ein illusjon
alle som ein,
eit bedrag, ein svindel
utført av sorterarar
med pengar i blikket

dei som skruppellaust
legg sine blankpolerte
skinande eple i fruktdisken,
sprayar dei lett
og gliser oss velkomne i døra

for når eplehausten er her,
og vi kan hente dei verkelege varene…

har dei flekker og bulkar
dei er små og store
skinande og bleike;
heile spekteret er der
og epletreet er perfekt –

-

eg er sikker på
at nakne Adam
hadde sine føflekkar
og gule tenner

det var berre det;
who cares
og så flotte merker!

det er ei kjent sak
at prikkfritt
er det same som ingenting

og ingenting
er ikkje noko å trakte etter



#Sortering

Ok, sortering eller ikkje sortering av epler er ikkje ei sak eg eigentleg brenn for...  Menneske, derimot, dei brenn eg for. At alle skal få vere glade i den ein er.  At vi ikkje skal vere så innmari opptekne av jakta på det perfekte. At ingen skal sorterast bort -

1 kommentar: