torsdag 7. august 2014

Ein bit


viss du startar langt ute
frå satelittperspektivet
og innover,
let auga kvile
ved dei kjende rørslene
rotasjonane
krinslaupa
rytmane
i alt frå galaksar, planetbanar
og ned til elektronskala,
ser du systemet
- at alt er bunde av reglar
og faste gjeremål,
fininnstilt og presist
som eit urverk

og du er ein bit av det heile -


ein bit av meg
ein integrert del 
av min integritet, sjølvkjensle,
alt det som gjer meg
til meg
ligg her
i den værharde naturen,
i det djupe, i det høge
i symbiosen
mellom hav, fjell og himmel
og kan vanskeleg skiljast
frå alt det andre
som også er meg


som ein svevande tanke,
lyseblå, flyktig
og veldig vanskeleg å vite
heilt nøyaktig
om er realistisk, verkeleg mogleg
å fange i ord,
er kjenslene eg kjenner
når eg let att auga
og flyr tiår tilbake i tida,
til ungdomsvåren, barndomslandet
eg reiste frå ein gong
men som endå er eit landskap
eg byggjer alle mine andre landskap
over


ein bit av meg er att
når du har sagt namnet mitt
og sett på meg,
ein bit av meg er att
i røysta di
i auga dine
der ein bit av meg er att
som eit pant -


ein bit av verda
festa som megabytes,
små firkanta bitar
i eit puslespel
- det nest beste eg har,
bortsett frå å vere der
på ekte



#Sognefjorden

Eg veit at eg har ein tendens til å bli både svulstig, nostalgisk og lokalromantisk når eg snakkar om Sognefjorden. Det har blitt slik med tida, når eg no har budd andre stader på Vestlandet i mange år. Eg veit at det er slik, men eg bryr meg ikkje...

7 kommentarer:

  1. Flotte himmelbilder med god tekst til!

    SvarSlett
  2. Yes, just great poems able to capture the emotions, beautiful landscapes!

    SvarSlett
  3. nothing beats the combination of sky, water and mountains.

    Worth a Thousand Words

    SvarSlett
  4. A poetic sky indeed. As always you captured it perfectly in word and picture

    SvarSlett
  5. Slik er det og slik skal det vere..
    Ein bit av oss er igjen der i barndommensrike :-)

    SvarSlett
  6. Love the mountains against the water.

    SvarSlett