torsdag 14. august 2014

By



alle desse skjulte konstruktørane
som ein dag steig opp frå molda
og bygde ein by,
strekte seg mot sola
        lokka med milde stemmer, som
        ein song
og gatene vaks fram,
buktande lyktestolpespirar – fanga sollyset
i stålkalde fotosyntesearmar,

byggjande sine ukontrollerte, skjøre
glasfasadar, med rom til store tankar
og rikeleg plass for alle luftige draumar –

alle desse skjulte konstruktørane
som vaknar kvar natt,
går sine rundar, nynnande
reparerer sår og flenger
så lenge dei finn det verdt –

og går under jorda når sola vert raud
og tida jobbar raskare enn alle flittige armar,
let byen etter seg som eit skal
- snart er den knust under tidsbølgjene
og gløymt av alle, viska ut –

berre sundslegne reisverk står att,
under eit teppe av mose og lav,
ventar på granskande, undrande auge
på andre sida av hundreåra


4 kommentarer:

  1. Vi skapar och skapar - och inget av det kommer att bestå ... vi lär oss aldrig!

    SvarSlett
  2. Tidens gång är obarmhärtig och oundviklig, men här och nu är din stad vacker!

    SvarSlett
  3. Min gamle skole, håper den består lenge :)
    Ønsker deg en fin helg!
    Hilsen fra Anette

    SvarSlett
  4. Artig! Bildet tok eg frå barselavdelinga på sjukehuset, då yngstejenta vart født i fjor! (Ho du ser på bildet i posten "Curious"...)

    SvarSlett