torsdag 17. juli 2014

Solblom i hjartet


eg søker romslege livsforhold,
sletter med frodig gras
og regn
og sol gjennom slørlette skyer

ei tid til å vakne
ei tid til å dø
og alle tidene mellom
- mine tider
som uopna gåver ved døra
kvar morgon

eg søker roen 
der stormane raser
og regnet piskar og
lynet flerrar himmelen medan
tora rullar -
 
og freden likevel lever
som ein solblome
i hjarta mitt

4 kommentarer:

  1. Åh, så vacker bild! Underbara färger och snyggt redigerad! I like!

    SvarSlett
  2. Så vackert, jag gillar jag med!

    SvarSlett
  3. Så nydelig!
    Både ord og bilete.

    Nyt sommaren :-D

    SvarSlett
  4. Nydeleg ... både bildet og orda dine !

    Fine sommardagar !

    SvarSlett