mandag 28. juli 2014

På veg




Raspande, knirkande støvlar
over den hardtrampa jorda
i takt
som ein parade for dei døde
og dei snart døde,
som endå har varme, bankande hjarte
og fastfrosne tankar:

dei ligg att som krakelerte isroser
på barndomsdraumane,
dei små boblene på tidselva
i ferd med å bli knuste
mot krigens realitetar

Støvlane trampar vidare, i takt
på veg mot dei mektige si leikegrind

Dei eller oss,
vi går mot døden, no

er det berre takta som held oss oppe



#100 år

I dag er det hundre år sidan 1. verdskrigen starta, ved at Austerrike-Ungarn erklærte krig mot Serbia. Dermed begynte dominobrikkene å falle, ei etter ei, og snart var dei fleste store landa i Europa (og dermed også koloniane) involverte. 

Å lese om 1. verdskrigen og alle slaga som vart kjempa der er dyster lesing. Eg tenkjer på alle dei millionane av menneskeliv som gjekk tapt, og dei endå fleire millionane som vart traumatiserte og skada for livet. Krig er ei forferdeleg sløsing av dei ressursane vi er gitt, både materielle goder og menneskeliv.

For spesielt interesserte kom eg over ein fin bildeserie på msn i går. Dette er ein gjennomgang av dei aller viktigaste hendingane og slaga i 1. verdskrigen. Viss du meiner at du burde vite meir om den store krigen, er dette ein grei plass å starte!

 

3 kommentarer:

  1. "The war to end all wars ..."
    Men gjorde den det? Les nyhetene og bli trist.

    PS Takk for kommentaren - tatt på de par postene før og finn mer.

    SvarSlett
  2. Noen mennesker vil aldri lære, dessverre. Men heldigvis er de fleste sterke og mektige på en positiv måte. Det er dette vi må dyrke.
    Forsatt god sommer til deg!
    Anette

    SvarSlett