torsdag 31. juli 2014

I kvar hand



I venstre handa: Ein kniv
I høgre handa: Ei nål,
med svart sutur gjennom auget

Eg ser over ingenmannsland,
og veit ikkje kva hand eg skal strekkje
mot deg;
Ordren seier venstre,
hjartet seier høgre

Kvifor må det alltid vere
vi og dei?
Kvifor kan det ikkje heite – Oss?

1 kommentar:

  1. Oss! Eit mykje betre ord enn vi og dei.
    Godt tenkt og godt skreve.
    Takk!

    SvarSlett