lørdag 26. juli 2014

Det krigen gjer




den som bøyer seg ned
og luktar på blomar,
den som elskar lukta
av ein sommar på hell,
den varme dampen
frå fuktig mold – ein dag
der kroppen finn si motvekt
i mjuk mose
og latteren sit laust
- fordi ein er glad

den som elskar livet,
den som lengtar etter kjærleik
rettar blikket mot skyene
fjella
utover bølgjene
på det store, uendelege havet
og veit at der ute
ein dag
ventar dei store eventyra
og ein kan få vere ein del av dei
vere med
endre verda
fylle kroppen med pumpande
levande boblande blod

den som bøyer seg ned
og luktar på blomar,
den som endå ikkje
har fått innkallinga –
den som endå ikkje
har kjent smaken av krutt
rive i nasa,
den som endå ikkje
har sett døden vandre
med tunge sko
over våtmarkene –

den som endå kan
kjenne gleda ved
å leve –

2 kommentarer:

  1. Sterke ord, og så aktuelle. Har akkurat lese boka Menneskekroppen av italienske Giardano. Mange tankar i hovudet etter den.

    SvarSlett
  2. kære englepappa. så fine ord.
    fortvivlende krige. til alle tider.
    vi må strække os efter solen, stærke, vilde og fri - som din blomst!
    klem, laila

    SvarSlett