onsdag 4. juni 2014

Øydemark




ørken, ja, ørken
bak sløret
ventar ei øydemark
ein veg du skal gå
til endes
utan vatn, utan lys
utan klede, utan håp

heilt til du rundar siste svingen
må du gå me nedbøygd nakke
slepe beina etter deg
legge bak deg eit spor av blod
og tårer
eit far dei kan sjå, men utan trøyst

heilt fram
gjennom ørken og sand
mellom lysglimt frå framande kystar
under ein uendeleg stjernehimmel
og den totale stilla
som sluker alle dine tankar
knuser dei til støv –

heilt gjennom
må du gå, til huda er borte
og hjartet ligg nake og ope,
du må lyfte deg fram
med nedslegne auge
og falle på blodige kne

din siste pust skal du bruke
på orda du seie
før du dør

før du sig til jorda
som sluker din kropp

-

men hjartet skal endrast,
frå det skal det spire
langt under molda
ein kime mot lyset

ein tynn og spinkel renning,
planta ved ei elv
under ei sol
planta i dei friske vindane
og treet skal vekse
strekke seg mot himmelen

og dette nye
skal no vere deg -

 

12 kommentarer:

  1. "Av jord är du kommen ..." är orden som kommer till mig ur din text och den svartvita bilden ...
    Det eviga. Kretsloppet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg ser at det går an å tolke diktet i retning av det reint materielle krinslaupet til atoma/molekyla. No finst det jo ingen fasitsvar til dikt, men ein tolkingsnøkkel til dei tankane eg sat med då eg skreiv det, finn du i Kol 3, 1-17... Elles er det jo veldig fint at ulike personar kan tolke og oppleve det same diktet på ulike måtar!

      Slett
  2. De finns de som anser att livet bara är ett test. Undrar just om vi får veta?
    Vackert.

    SvarSlett
  3. jeg var med digtet helt inde i ørkenen, helt nede i jorden. til sidst i lyset. det gjorde usigeligt godt at nå dertil.

    tænker på karen blixen, når jeg læser dit digt. hun skrev: der findes kun én historie i verden. kun én. og det er den hvorom alle andre historier spinder sig:
    historien om fødsel, død og genfødsel.

    tak for dine fine ord.
    fra laila.

    SvarSlett
  4. Beautiful! Love the lighting.

    SvarSlett
  5. Texten låter som en metamorfos, som tulpanens lök som blir en vacker blomma!

    SvarSlett
  6. The light coming through the petals is absolutely perfect.

    SvarSlett
  7. Both sharing tulips! Love this! Thanks for linking up.

    SvarSlett
  8. Flott b&w bilde!
    Her er mitt bidrag: http://hanshb.wordpress.com/

    SvarSlett