tirsdag 3. juni 2014

Tusen stjerner



eg vender tankane
vrir dei, til dei sluttar å kretse
sluttar å vere satelittar
rundt mitt eige liv

eg vender tankane
tvingar dei inn i nye baner,
utover i det tomme rommet
mot fjerne stjerner, fjerne galaksar

eg vender tankane
let dei falle
som tusen stjerner
inn i tyngdefeltet

let dei falle
som eit stjernedryss
over vegen eg går
- let dei søkke saman, bli eit dekke

eg vender tankane
tvingar dei under molda
håpar at ein dag, ei tid
vil det gro noko forunderleg, noko vakkert

noko som kjem frå ein kime
langt der inne, langt under molda
men med ei kraft, ein vitalitet
utanfrå, frå andre kjelder enn meg sjølv -

3 kommentarer:

  1. Vilken vacker bild, ett överflöd av små söta blommor!

    SvarSlett
  2. Eg elskar tusenfryd :)
    Dikta dine rører meg, slltid <3

    SvarSlett