søndag 1. juni 2014

Nye vegar



1
det er dei litt slitte skoa
på slitte gater
i ein litt slitt by

ein sliten mann
med slitne sko
i lange, slitne gater

tusen tause stjerner
ein taus mann
i to tause sko

i ein litt stor by
under store, usynlege stjerner
må sitje og kvile litt
her




2
eg våga meg ut på dei store djupnene
våga meg utpå, djupnene lokka
meg ut, med ei klokkeklar røyst
mellom fjellveggane, ei dirring
djupare enn mine indre djupner
ei lengt ingen visjonar kan temme

eg vart dregen av ein luftstraum, eit dragsug
etter stemmene i djupet – kom ut
der du vil skjelve av skrekk – kom ut
til eit land der du ikkje har kontrollen –

eg våga meg ut
på dei store djupnene
våga meg utpå
når djupnene lokka





3
nokon må leie
mine steg
i den nye verda

nokon må halde
lyfte meg opp
når eg fell

nokon må vise
vere eksempel
langs vegen

nokon må støtte
vere haldepunkt
og trygge veggar

nokon må vere der
berre vere
der, for meg


17 kommentarer:

  1. Fint trissat! det blev många fötter till slut.
    http://axartist.blogspot.se/2014/06/fototriss-from-where-i-stand.html
    AX

    SvarSlett
  2. Fint triss. Bild nr 2 är min favorit :-)

    SvarSlett
  3. Fint varierad triss, där mittenbilden är läcker med speglingen i vatten

    SvarSlett
  4. Vakker triss, de fine ordene gir det hele en ekstra dimensjon :)

    SvarSlett
  5. Bilde nr 2 ble min favoritt; Der skyggen viser fotografen!

    SvarSlett
  6. Härligt triss tema du bjuder på! Roliga lösningar :) Bild tre blir min favorit!

    SvarSlett
  7. Härlig triss! Gillar bild nummer tre mest!

    SvarSlett
  8. Bra triss :)
    http://lifeofjohanna.se

    SvarSlett
  9. Fina bilder med fin text, snyggt och varierat trissat. Bäst gillar jag bilden med is och skridskor, riktigt svindlande!

    SvarSlett
  10. Du skriv så fint.
    Og bilda passa så godt til.
    Det høyrest spennande ut med nytt hus og ein hage som kan gi
    mange gode augneblinkar når nye planter dukkar opp.
    Berre å gle seg til sommaren verkeleg får tak.

    SvarSlett
  11. Takk for hyggelege kommentarar! Bilde nummer to er teke midt ute på eit islagt vatn. Det er meg, isen og så godt og vel 200 meter med svart vatn under der...

    SvarSlett
  12. Herlige bilder....og herlig tekst! Liker tekstene dine veldig godt :-) Ha en flott , ny uke!

    SvarSlett
  13. Jag blir glad av din sista bild i trissen.
    Fint med alla familjefötter. :-)
    Snygg variation!
    Varför inte namn och bloggadress som alternativ, det finns på blogspot och öppnar upp för så många fler att kommentera!
    Mitt bidrag; http://erik56.blogg.se/2014/june/star-2.html
    Ha en trevlig vecka.

    SvarSlett
  14. Er som å følge en reise
    Du skriver så utrolig bra, og har så mange spennende refleksjoner
    Takk for at du deler med oss
    Ønsker deg og ditt en flott tirsdag
    Klem fra Siv

    SvarSlett