onsdag 4. juni 2014

Leiande lys (langs stien)



1
dagen kjem
nytt lys
lyser opp stien
for dine føter
så nære å snuble
så trøytte etter natta
så lengtande
etter noko
som viser vegen




2
vi treng merkesteinar
vardar i terrenget
punkt i livet
som fortel kor vegen går
kor vegen vil gjere ein sving
og om toppane
eller nye bratte fjellheng
er i vente

vi treng noko
å feste blikket på
så kursen er stødig

og
vi treng ein kurs –




3
somme tider
kan vi finne lyset
spegla i våre eigne hjarte

somme tider
er det som noko trengjer gjennom
landskapet, som ei å

fyller oss med lys
let gleda strøyme til overflata
og skaper heilt nytt liv –

så kan vi vite om grumset på botnen
så kan vi vite om smuldrande veggar
så kan vite om mørkret og tåka

like fullt
somme tider
kan vi finne lyset – akkurat her




4
eg lengtar
etter det eg har

eg søker
staden eg står

eg håpar
og håpar og håpar og -

eg gret
over det eg ikkje har mist

eg trur
endå eg trur at eg veit
at det som eg trur
er det som eg veit





5
og så kjem natta
ei varm omfamning
klemmer din skjelvande kropp
med sin fred
og stille

du kan sove
vere trygg
i Fars
omsorgsfulle armar


9 kommentarer:

  1. Sukk, det er vakkert.
    Ha en deilig dag.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2014/06/05/skjaereunger-er-kostelige/

    SvarSlett
  2. tak:) du giver så meget håb ud af din tekst!! og lyset i dine billeder.
    det betyder meget for mig.
    du skriver fantastisk - og på to sprog, uden i det hele taget, at det mister noget. det bliver bare bedre - på begge sprog!!
    - alt det bedste til dig -
    laila

    SvarSlett
  3. Så vackert, både i text och bild, här kan jag stanna ett tag och bara känna in och andas!

    SvarSlett
  4. A wonderful landscape and sky! And such lovely reflections! I like the poems too!

    SvarSlett
  5. Vackert, både bild och text!

    SvarSlett
  6. Beautiful! Love the words as well as the images. MB

    SvarSlett
  7. beautiful photos and I love the captions.

    SvarSlett