lørdag 7. juni 2014

Blindsone




denne vegen er den same som i går –

eg har ei blindsone i livet
eit felt eg ikkje klarar å sjå

eit stivna bilde, eit slør av vanar
med paradoksa som dusinvare;
alle bilda er dei same som i går

og eg går i dei
kvar einaste dag
utan å reflektere
utan å ta inn det eg ser

ikkje før bobla sprekk
vegen rivnar
jorda skjelv
og alt eg kjenner til
vert snudd på hovudet

då vil det opne seg ei dør
i undring, i tvil
eit slør som vert løfta
- så smertefullt, bittert

auga blunkar
eg myser mot lyset
og ser ei ny verd

som likevel er den same
og eg må velje

å lukke auga, eller –

2 kommentarer:

  1. Så sant så sant..
    Fort gjort å sjå seg blind på det ein har rundt seg-

    God Pinsehelg!

    SvarSlett
  2. nydelige ord og et veldig stilig bilde. :)

    SvarSlett