søndag 18. mai 2014

Tomt



1
fjorden ligg stille
taus
under dei låge skyene

verda held pusten
ventar på stormen
som aldri kjem

det er tomme trugslar
som bind oss
held oss fast i redsla

og slepp oss fri
let oss oppleve gleda
i det som aldri vert




2
det er eg
som held det heile saman,
vernar mot varme
vernar mot slag

det er eg
som lokkar deg nære,
inn i kulda
inn i gleda

det er eg
som vert forlaten, tømt
den unyttige biten
den plagsame resten

det er eg
som sit med minna
over det som var
over det eg gav

det er eg
som kom med gleda
no er det tomt
no er det … berre eg




3
festplassen er tom

der det før sprang born
er det no stille

der du før høyrde latter
er det no stille

der dei dansa og lo
er det ingen att

programmet er følgt
til enden, og lenger

no er festplassen tom
alt er stille, verda søv

på minna



(Fototriss. Bileta er tekne på Noregs nasjonaldag!)

12 kommentarer:

  1. Tomt x3 där första bilden får mig att längta till stillhet.

    SvarSlett
  2. Ja, det er eit fredeleg bilde, men eg kan love deg at det var alt anna enn fredeleg rundt meg då eg tok det! Eg gjekk midt i eitt av dei mange tusen 17.maitoga som marsjerte rundtom i Noreg i går... Bak meg marsjerte det eit korps, framfor meg gjekk barneskuleklassane og ropte sine hurrarop, og på sidan av meg gjekk dottera mi og blåste taktfast og kontinuerleg i eit leikehorn...

    SvarSlett
  3. What a view! Great!
    Have a nice Sunday!

    SvarSlett
  4. Fina bilder och texter. Den översta bilden skulle jag göra en tavla av. :)

    SvarSlett
  5. Wonderful picture! I like your photos and words. Maybe you take a look to my blog?! Thanks!
    Greetings from Germany
    Helga

    SvarSlett
  6. Great shots and lovely words.

    SvarSlett
  7. Gorgeous -- romantic! Love the ice cream. Lovely post.

    SvarSlett
  8. Beautiful scene!! Boom, Bobbi, and Gary.

    SvarSlett