tirsdag 6. mai 2014

Store i det små



1
som lysande lanterner
strålar blomane
si glede
frå ein kjerne
i det indre
- noko planta,
av ein som veit
at vi treng haldepunkt
lyspunkt
langs vegen




2
dei strekk seg
mot lyset
blomane
fangar opp
strålar av sol,
reflekterer
mot oss

vi som ser små
fargeklattar,
men ikkje alt
arbeidet, strevet
som ligg bak

og likevel smiler dei
glade
bryr seg ikkje om
kven som ser
eller ikkje

det er ein
høgare ordre
dei fyljer




3
det er ei stille kviskring
eg ikkje kan høyre,
eg berre sansar
refleksjonar
frå ein organisme
midt i livet,
planstyrt
til minste detalj

eit kyss
frå himmelen
til den som går
med nedbøygd nakke,
at om ein ikkje ser lyset
skal ein i alle fall få
eit lite vink
frå Han som bryr seg

det er det som er det store
i det små




(NF blo-ma)

11 kommentarer:

  1. Wonderful and beautiful flowers!

    SvarSlett
  2. Loving the raspberry color flowers you found!

    SvarSlett
  3. De 2 översta bilderna är helt underbara, vilka färger och vilket vackert ljus!

    SvarSlett
  4. I love all your flowers in the bright sunshine!!! The second image is my favourite!!

    SvarSlett
  5. Underbara blommor! Min favorit är den första bilden. Ha en fin kväll!

    SvarSlett
  6. De är alla vackra foton, men den röda tulpaner är bäst!!

    SvarSlett
  7. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  8. What a amazing shots, the second photo is awesome ..

    SvarSlett