onsdag 21. mai 2014

Springe mot havet


den du var
då du sprang
mot havet
sprang
        så lufta dirra
sprang
        så tida stoppa
og verda heldt pusten

ja, du sprang
som ditt eige bilde
på den du ein dag
         skal komme til å bli
endå eg ser deg
som den du var 

og havet ventar
havet sukkar
med sine seige dønningar
og har all verda med tid

ein dag når du fram


3 kommentarer:

  1. Vilken fin bild på fötter och ben med mycket spring i!

    SvarSlett
  2. Ååååå!!! å for et bilde!!!

    SvarSlett
  3. Här var det spring i benen och visst minns jag hur det var.

    SvarSlett