fredag 9. mai 2014

Skuggen av eit minne




i denne skuggen
vil eg stå
speide mot sola
lengte mot ein varme
eg kjenner
som eit skuggeminne
på mi vinterkalde hud

i denne skuggen
veks graset over knea
blomane voggar stille
i den stille vinden
og lyset leitar etter feste
på mi vinterkalde hud

i denne skuggen
dansar fotografiske minne
sine tause steg,
det er dette eg vil hugse
når skuggane veks
og minna vert fleire
enn mine planar –

i denne skuggen
vil eg stå
speide mot gleda
lengte etter dette
som eg opplever no,
eit skuggeminne
på mi vinterkalde hud



12 kommentarer:

  1. Flott bidrag til b&w temaet!
    Min B&W Blog: http://hanshb.wordpress.com/

    SvarSlett
  2. Stunning design of the shadow network. Great scene.

    SvarSlett
  3. I love this beautiful photo, wonderful play of light and shadow! Gorgeous!

    SvarSlett
  4. Awesome shadows! Love it.
    http://www.homezweethome.info/2014/05/a-cafe-in-night.html

    SvarSlett
  5. Nice capture! Looks relaxing and fun

    SvarSlett
  6. I love shadows of trees like this!

    SvarSlett
  7. Beautiful b&w image! I love the shadow of the tree.

    SvarSlett