mandag 26. mai 2014

Rolege dagar



det er dei rolege dagane
som tel –
dagar som berre går
av seg sjølv
utan at du treng dytte eller dra
eller håpe at nokon
skal ro dei i hamn
utan dei altfor store såra
- du berre let deg drive
på usynlege bølgjer,
av vindar du ikkje kan sjå




det er dei rolege dagane
som kviskrar -
dagar i skuggen av høge tre
under kroner som strekk seg
mot ein himmel
du berre glimtvis kan sjå,
eit tak over livet
du veit er der –
og livet du kjenner
er meir i slekt med mauren
enn ørna



det er dei rolege dagane
som syng –
ein melodi du kan
frå den gongen du var liten
og verda var enkel
enklare, i alle fall
noko du hadde grep på
og levde i – utan blygsel
eller vage, ugrunna redsler

melodien tek deg med i ein straum,
her kan du flyte, medan dagane går –





det er dei rolege dagane
som er dine –
dagane som kjem på rullande band,
ei endelaus rekke
av perler, som eit smykke du kan bere,
og du må gripe dei
men berre ein om gongen –

den store blå himmelen lyser
og du får lov til å kjenne på kjensla
av fridom


 

13 kommentarer:

  1. Beautiful!! Boom, Bobbi, Gary.

    SvarSlett
  2. Enjoyed your prose that went with each photo...They all speak volumes of calm...http://lauriekazmierczak.com/finding-the-x-traordinary/

    SvarSlett
  3. ja, de er dé dage...
    smukt.

    SvarSlett
  4. Some absolutely beautiful nature shots.

    SvarSlett
  5. These images are all so peaceful!! I think my favourite is the second one, from the woods, with the tree with its roots crossed, and a tiny splash of colour off to the side!

    SvarSlett
  6. Gorgeous light you captured in these photos.

    SvarSlett
  7. Jeg har fulgt bloggen din ei stund, og nå drister jeg meg til å komme med en kommentar: Jeg er blitt stor fan av bildene dine, men er nok kanskje aller mest glad i orda du deler. Du skriver så utrolig fint og gjenkjennende om livet, det gode, skjøre, fascinerende og utfordrende hverdagslivet. Du setter i gang tenke-prosesser i meg, og jeg blir sittende å filosofere etter å ha lest det du skriver. Du er til stor inspirasjon og glede! Takk for din raushet og godhet!
    (lidagr@svorka.net )

    SvarSlett
  8. Thank you for all of your nice words!

    Takk for gode ord, Lise Dagrun! Kjekt å høyre om nye som følger bloggen min, og så håpar eg du vil finne noko av interesse vidare også. God helg!

    SvarSlett