lørdag 17. mai 2014

Raud, blå, kvit


I lange år har eg sigla
med det blodraude flagget
som segl

og krossen i midten er masta på båten
det står der som fjellstødig
grunn

Javisst har eg vakla, javisst har eg falt,
men reiste meg, reiser meg
opp

om vegen er kronglete, vegen er bratt
set eg segl, og i dag
mot mitt mål

Dette er seglet på båten,
dette er teiknet på fred;

I dine auge er eg kvit, som snøen,
ein dag vil eg setje båten på land
i fjøresteinane dine

Krossmasta og blodseglet
vil bere meg
heile vegen fram

1 kommentar: