mandag 19. mai 2014

Kleda ho vel




det er ein bitter kjole
ho vel i dag

ein svart og uformeleg
sekkekjole

over den legg ho sorga
som eit frynsete skjerf

surrar det godt
så det dekker, skjuler

verda for henne
henne for verda

og hatten ho vel
er av mistru og tåke

eit slør framfor blikket
eit vern imot verda

og slik
med betongtunge sko

av uviss, nervøs
manglande tru på seg sjølv

vandrar ho ut i dagen
usynleg for alt som er godt

1 kommentar: