tirsdag 20. mai 2014

Fløytespelaren sin melodi




eg er eit vindpust
eg er ein melodi
mjuke fløytetonar
svevande forbi

eg er der håpet er
eg er ein kjærleikssong
og fløytespelaren spelar
denne songen gong på gong

i mørke, kalde kveldar
under evige stjernehimlar
svevande som eit tåkeflak
gjennom dei nattsvarte vrimlar

der er eg ein song
der er eg ein vind
lyfter opp auge, lyfter opp sinn
over kvar taggete tind

eg er eit vindpust
eg er ein draum
i det kledet som visst heiter livet
er eg ein skimrande saum

5 kommentarer: