torsdag 29. mai 2014

Eg vandrar i hagen -


eg vandrar i det doggvåte graset
set ned foten
på det mjuke teppet

balansekunst
mellom bed og singel
stein og mur

ein sti for meg, 
ein utkikksplass
til liv som hevar seg

veks mot den blå himmelen
fylte med ei usynleg
ugripeleg kraft

noko som er lagt der
som ei lov
allereie før frøet vart delt

blomen, fylt av krafta
byrja å strekke seg gjennom molda
mot lyset og varmen -


eg går med audmjuke steg
forbi dei lysande skilta
dei lokkande ropa

ei taus bøn, eit håp
om å bli sett
bli verdsatt for den ein er

bruke all sin energi
på ei falmande utstilling
- snart kjem hausten

å, mine blomar
mine vakre blomar
som de strevar, som de lengtar -


eg vandrar i hagen
kjenner graset som kitlar
under vintermjuke, kvite føter

alle sansar som vert fylte
av lukter og fargar, mjuke rørsler
og strålande refleksjonar

eg vandrar mellom blomar
dei ferske og friske
dei som endå ikkje har kjent stormen -

kor eg gjerne skulle vere der
blant dykk 
vere fri, vere naiv og optimistisk

vere håpefull og uvitande
om dei kalde frostfingrane
som ein dag vil stramme sitt grep

kor gjerne eg skulle vore der
som ein av dykk
og berre stråle, av all mi kraft -


nokre blomar, som dei små og svake
vekker andre kjensler
andre ord og melodiar

ein kjærleik som strøymer over
mjuke vindar gjennom hagen
ein lett bris, som lyfter

og eg set meg på huk,
let blikket kvile
ved dei vevre kronblada

dykk, tenkjer eg
går det ikkje an å mislike
ingen kan hate slike, frykte slike -

og den mørke skya, eit minne
svevande over mine indre fjerne landskap
eit varsel ein kunnskap;

eg har sett tynne stilkar, små små kronblad
liggje nesten usynlege, vekkgøymde
og snittet var reint, spor etter skarpslipte knivar -


eg vandrar i hagen
er taus, kjenner meg rar
som om eg trakkar framand grunn

vindane har stansa
sola har fått eit raudleg skjær
og himmelen i aust er nesten mørk

blomane heng med hovuda
som i eit stille farvel
eit audmjukt bukk før natta

før fargane forsvinn
og verda endrar modus
vert til noko ventande, sårt

og det er naturleg, det er livets gong
berre
at det endå er midt på dagen -



vekkgøymd, avsondra
mellom grøne blad og dominerande busker
bak tause grå murar

der ein ikkje ser
før ein verkeleg går inn for
å sjå

står dei vakraste blomane
dei som stråler mot verda
i ei kraft, ein glans, av noko evig

og aldri om dei stansar songen
aldri om synet vil forlate deg
når du først har sett

det vert som ein draum i deg
ein lengt mot andre strender
hagar der vinteren aldri får tak -

eg vandrar i hagen
mitt kongedømme, forgjengeleg, skjørt
fryktar vinteren, men veit at den aldri kan vinne



(Torsdasgtema)

4 kommentarer:

  1. hagar der vinteren aldri får tak..

    Vakkert og inderleg sanne betrakningar.

    God natt :-)

    SvarSlett
  2. Flower gardens are wonderful but what we see in our mind's eye is a wonderful thing. Love your photos.

    SvarSlett
  3. You have some beautiful flower photos here - the third is my favourite.

    SvarSlett
  4. Your flower photos are quite lovely. And your daylilies are blooming already! Also, your header photo is spectacular! Never seen one like that with the flames against the watery gray landscape. Wonderful.

    SvarSlett