tirsdag 27. mai 2014

Eg i firkanten




og kva om eg strekar ein firkant i sanden,
merkar av ein stad som er meg

let alle definisjonar peike sine piler
innover mot firkanten

samtidig vil tyngdekrafta dra meg ned
klemme meg mot bakken – i firkanten

og kva om alle kan sjå og peike, seie
der er han, slik er han, vi veit vi veit

utan at eg så mykje som blunkar med auga
eller lear på ein finger

utan at verda stoppar å snurre
eller nokon ser det urimelege i det heile

for vi har alle våre ruter

og kva om kampen er retta den andre vegen,
mot noko over meg, noko eg strekk meg mot

som ikkje pressar ned, men dreg meg opp
løftar mine håp og draumar ut av firkanten

og kva om det er det eg tenkjer på
når eg tenkjer på meg sjølv

vil du då vite, at eg i ruta er ein krigar,
medan eg i hjarta er eit løvetannfrø

vil du då vite, at eg som vert pressa ned er fri
at firkanten aldri kan stoppe vindane -

3 kommentarer:

  1. Beautiful photo and verse!!

    SvarSlett
  2. dom är fina när man tittar nära, men så irriterande när man har för många... :)

    SvarSlett
  3. Snygg bild! Maskrosfröna är så vackra.

    SvarSlett