søndag 11. mai 2014

Den du er



du veit dei fargerike
glade
dei du ser på
med lange auge
og skjelvande blikk,
dei du knapt kan tru
at eksisterer
i nærleiken av deg sjølv –
slik, ja slik
ville du vere
fekk du velje




og så stirar du deg blind
på fasadar
smil som skjuler
djupnene bak,
at det du lengtar etter
ikkje eksisterer
anna enn i ditt eige hovud
og den du trudde var fri
er bunden
ja, meir bunden
enn du sjølv





for du er ein skogblome
vekkgøymd og liten
i ein skog
som ofte verkar for stor
og i ei stille
som ofte er altfor djup
og du lengtar, håpar
at nokon skal sjå deg,
sjå kor du skin, kor du stråler
i deg sjølv

men ingen kjem, ingen ser
ingen høyrer –
likevel, du veit kva fridom er
du veit kva det vil seie å leve
du veit kva som er viktig –

er du heldig
har du naboblomar
i same situasjon


6 kommentarer:

  1. Flotte bilder med fin tekst (som alltid)!

    SvarSlett
  2. Vackra blommor till en text som frammanar aningens vemod ... och insikt!

    SvarSlett
  3. Wie schön die Blüten sind.

    LG Mathilda ♥

    SvarSlett
  4. Vackra bilder och vacker text, så fint!

    SvarSlett