fredag 23. mai 2014

Dagane



det er det opne såret
ein lengt
etter innhald,
at skalet skal fyllast
av noko utanfor,
noko meir
enn det eg kan tilføre
sjølv

prøver å gripe
det som er no
medan dagane renn
som sand frå ei hand

prøver å flytte auga
bort frå det eg har mista,
over på det som er att –



10 kommentarer: