tirsdag 8. april 2014

Vårkveld ved fjorden



sitje på ein bryggjekant
ved fjorden
sjå utover småbåthamna
ferjestøet
høyre fuglesongen
frå ein stad bortanfor husa




vere med gode vener
le
kjenne den friske vårlufta
i korte vindpust
så rolege at dei knapt kan merkast




kjenne at livet er godt
at akkurat no
er du eit levande liv
og del av noko stort


6 kommentarer:

  1. Flott dikt i dag også :)
    Bloggen din gjev meg mykje, dikta går rett til hjarta...

    Ønskjer deg fine og gode vårdagar :)

    SvarSlett
  2. Beautiful poem! Filled with inspiration! :)

    SvarSlett
  3. Vakre stemningsfulle bilder .
    Ønsker deg en fin dag vidre.

    SvarSlett
  4. Vakkert. Både dikt og fotos.

    SvarSlett
  5. Æ glær mæ såå til det du her beskrive!!!! alt :-)

    SvarSlett