tirsdag 15. april 2014

Utgangspunktet



kunne vi berre sjå
kunne vi berre høyre
kunne vi berre sveve
på luftstraumane
høgt over landskapet,
utanfor historia,
på tvers av alle galaksar og tider
og sjå samanhengen –
då ville mykje vore annleis,
då ville vi forstått
kor lite vi ser
frå desse utgangspunkta,
og kor avgrensa våre liv verkeleg er

kunne vi sjå
alt
høyre alt
lese alt
oppfatte alt
frå alle perspektiv –

ville vi ikkje hatt noko utgangspunkt
i det heile

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar