onsdag 16. april 2014

Under is



du islagte hjarte
du som endå bankar, men skjelv
i di eiga kulde
du som pulserar
av håp
og lengtar
etter vår
og veit
at noko må skje –
noko må breste, noko må knuse
noko må gå under
før det nye kan tre inn
og livet igjen kan strøyme
i dine tinte årer

du islagte hjarte
du som lengtar
rop di naud, ja rop di redsle
for eg veit
at det finst ein som høyrer

1 kommentar: