onsdag 2. april 2014

Stille ord



orda stansar
sluttar å trille som steinar
på botn av bakken, over sletta
der alt vert bremsa, alt vert stoppa

eg stirrar fortvila
ser alle kombinasjonar falle til jorda
som daude lauv, som visna gras
all romling er vekke, all rulling er over

- orda må opp att -
eg dyttar det eg er god for
vil tilføre ny energi, nye krefter
vende tilbake til der eg eingong var

men orda let seg ikkje rikke

eg set meg ned
finn ei støtte for ryggen, ei kvile
for såre armar, såre føter
legg hovudet til ro i hendene, alt er stille

då høyrer eg kviskringa
frå tidlegare rullande steinar
ord utan kraft, som eit sus i vinden
stille ord frå ein djupare grunn

eg rettar ryggen
let auga gli over fjorden
tek inn lyset, tek inn stilla, let meg senke
inn i den mjuke freden frå tause ord

1 kommentar: